Ei unik konsertoppleving

Collage frå tidlegare hagekonsertar

Kvar sommar legg Hilde Selvikvåg ut på ein spektakulær hageturne til bygder og byar. Dette er ei personleg og unik reise på besøk i publikum sine hagar. Hilde Selvikvåg samlar på skjulte perler og koselege møte, og på reisa blir det konsertar i alt i frå små hagar i byggefelt til hytter og gardstun. Kvar hage har sin sjarm❤️

Hilde Selvikvåg står for konsertproduksjonen. Du inviterer familie, vennar, naboar eller dei du vil skal koma på konsert i hagen din. Saman skapar me ei minneverdig oppleving. 

Hagekonsertane skil seg frå alle andre konsertar eg har hatt tidlegare. Det å få gleda av å møta publikum i deira element er noko heilt unikt. Det blir ei oppleving me skapar saman, og noko som gjer at eg kjem endå nærmare dei som lyttar til musikken min.

Hilde Selvikvåg

Har du spørsmål?

Send epost til hage@hildeselvikvaag.no