Bilde av Hilde Selvikvåg

Om Hilde Selvikvåg

Hilde Selvikvåg har med sin fengande musikk på klingande jærdialekt etablert seg som eit stort låtskrivertalent og ein folkekjær artist. Med låtar som Karusell, Indie og Fryd har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger.

Hilde Selvikvåg er ein nyskapande artist, og har vist ei stor evne til å byggja eigne idear og konsept. Sommaren 2021 slapp ho sin aller første hageturné, den einaste av sitt slag i Norge.

Så langt har ho spelt nærmare 150 hagekonsertar over heile landet, og har turnert alt frå små rekkehushagar i byane til store gardar ute på landet. Publikumsinteressa har vore enorm og veks seg stadig større.

Det er kanskje ikkje så rart, for Hilde Selvikvåg har ein eigen evne til å sjarmera og bevega publikum. Ektefølt og nært formidler ho dei personlege tekstane sine slik som berre ho kan, og framkaller latter så vel som tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne. 

Høyr Hilde Selvikvåg sin musikk her.